Tekst: Elias Blix (1836-1902)
Melodi: Christoph Ernst Friedrich Weyse (1774-1842)
Gud [Hb] signe
vårt [F] dyre [Hb] fed[Eb]re[Hb]land,
og [Eb] lat [Hb] det som [Cm] ha[F]gen [Hb] blø[F]ma.
Lat [Dm] lysa din [C] fred frå [F] fjell [Hb/D] til [C] strand
og [F] vetter for [Dm] vår[Hb]sol [C7] rø[F]ma.
Lat [Hb] folket som [Eb] brø[Hb]der [Eb] saman [Hb] bu,
som [Gm] kristne det [F] kan [Hb/D] seg [Eb] sø[F7 Hb]ma.
Vårt heimland lenge
i myrker låg,
og vankunna ljoset gøymde.
Men, Gud du i nåde til oss såg,
Din kjærleik oss ikkje gløymde;
Du sende ditt ord til Noregs fjell,
Og ljos over landet strøymde.
Og Noreg det ligg vel langt
i nord,
Og vetteren varer lenge;
Men ljoset og livet i ditt ord
Det ingen kan setja stenge.
Um fjellet er høgt og dalen trong,
Ditt ord heve då sitt gjenge.
So blømde vårt
land i ljos og fred,
Det grodde so grønt i lider,
Men atter seig natt på landet ned
Med trældom og tunge tider.
Og folket det sukka etter ljos,
Og du lyste opp omsider.
Og morgonen rann, og mørkret
kvarv,
Som lenge vår lukka skygde.
Du atter oss gav vår fridomsarv
Og honom i trengsla trygde.
Du varna vårt folk og gav oss fred
Og landet med lov me bygde.
Vil Gud ikkje vera byggningsmann,
Me fåfengt på huset byggja.
Vil Gud ikkje verja by og land,
Kan vaktmann oss ikkje tryggja.
So vakta oss Gud så me kan bu
I heimen med fred og hyggja.
No er det i Noreg atter dag
med vårsol og song i skogen.
Om sædet enn gror på ymist lag,
det brydder då etter plogen.
Så signe då Gud det gode såd
til groren ein gong er mogen. |